Skip to content

Tilliten til forsking når nye høgder i ny kartlegging

Stolar på forsking vi er samde i

Tilliten til forsking når nye høgder i Forskingsrådets nyaste kartlegging. Men blind tillit er ikkje noko mål, meiner professor Fredrik Thue.

Eg trur vi må sjå meir på kva grunnar folk kan ha til å mistru forsking, seier Fredrik Thue. Foto: Julia Loge

Publisert 06. november 2025 kl. 15:30

Med jamne mellomrom kjem det åtvaringar om at folk mistar tilliten til forsking, eller om dei ikkje har gjort det, så kan dei i alle fall kome til å gjere det snart, sjå berre på USA!

Sidan 2019 har Forskingsrådet difor kartlagt folks tillit til forsking fleire gonger i året, og no er den siste slike kartlegginga, utført tidleg på hausten i år, nettopp klar. Den viser at folk stolar på forsking som aldri før: 80 prosent seier dei har svært eller ganske stor tillit til forsking. Det er eit resultat som berre er slått av det rekordhøge tillitsnivået under koronapandemien.

Forskingsrådet kartlegg også folks tillit til nokre utvalde forskingsfelt, mellom anna klima, fornybar energi, kjønn og likestilling, og helse. Dei aller fleste har høg eller ganske høg tillit til helseforsking, siste resultat viser 76 prosent, som igjen berre er slått av pandemi-nivået. Derimot har det vore ein trend dei siste åra at tilliten til forsking på klima, fornybar energi og kjønn og likestilling har gått nedover. Ved førre måling, i mars 2025, hadde berre 46 prosent av respondentane høg eller ganske høg tillit til klimaforsking. Men ved den nyaste målinga har trenden snudd, og no rapporterer 52 prosent høg eller ganske høg tillit. Dei andre forskingsfelta har også fått eit tilsvarande oppsving.

– Kan fange opp trendar

Spesialrådgjevar i Forskingsrådet, Thomas Evensen, seier til Forskerforum at det er viktig å få norske tal på tilliten til forsking, og ikkje berre basere seg på undersøkingar frå USA og andre land.

– Når vi gjer det så hyppig, kan vi fange opp trendar tidleg og sjå på endringar i nordmenns syn på forskingsfelt som er politisert, slik som forsking på klima, skule og fornybar energi. Vi kan til ein viss grad kople resultata til politikk og kva som skjer i mediebiletet, seier han.

Når det gjeld klima, har andre studiar funne at nordmenns tillit til klimaforsking er lågare enn i land det ville vere naturleg å samanlikne oss med. I 2022 fann til dømes ein europeisk studie at nordmenn var klimaskeptikarar i større grad enn folk i dei andre europeiske landa som var med i studien.

– Det er klart at klima, saman med til dømes kjønnsforsking og skuleforsking, kan oppfattast som politiserte forskingsfelt, seier Evensen.

– Vi ser at når folk har klare politiske oppfattingar om eit samfunnsområde, så smittar det over på synet deira på forsking. Fornybar energi er blitt noko meir politisert sidan vi starta kartleggingane, i den forstand at tillit til slik forsking har gått noko ned gjennom perioden.

Vil finne ut kva som skapar tillit

Evensen meiner det er interessant å spørje om konkrete forskingsfelt fordi det generelle spørsmålet om tillit til forsking er veldig abstrakt.

– Kva føresetnad har folk eigentleg for å svare på det? Difor spør vi også om tillit til forskarar og til utvalde felt.

I kartleggjingane er det ein viss andel, som ligg nokså stabilt omkring 20 prosent, som meiner at forskingsresultat i stor grad er prega av forskarane sine eigne politiske haldningar.

– Tidsseriane våre viser altså at ein del nordmenn er skeptiske til alt som har med forsking å gjere, eller til forsking på område som dei sjølve har sterke meiningar om. No skal vi sjå nærare på kven desse er, og kva som er drivarane for tillit eller mistillit til forsking, seier Evensen.

Kva betyr «forsking»?

Det er Institutt for samfunnsforsking (ISF) som har fått i oppdrag å grave meir i materialet frå Forskingsrådets kartleggingar. Fungerande prosjektleiar Jo Saglie fortel at dei supplerer med sine eigne spørsmål som mellom anna måler korleis ulike eigenskapar ved forsking påverkar tilliten.

– Vi gjer surveyeksperiment der vi skildrar eit tenkt forskingsprosjekt og formidlinga av prosjektet, men varierer diverse parametrar slik at ulike personar får servert ulike versjonar av forskingsprosjektet. Det kan vere eigenskapar ved forskaren, eller ved aktøren som finansierer forskinga, eller det kan vere kvar og korleis studien blir omtala. Så kan vi sjå om desse faktorane påverkar folks tillit, seier Saglie.

Dei stiller også nokre opne spørsmål der respondentane skildrar med sine eigne ord kva assosiasjonar ordet «forsking» gjev dei. Svara er ikkje analyserte enno, men allereie no kan dei sjå at det er stor variasjon, fortel Saglie.

– Nokre tenkjer på kva nytte ein kan ha av forsking, nokre ser for seg universitet og forskingsinstitusjonar, nokre er godt bevandra i forskarspråket og snakkar om hypoteser og fagfellevurdering, andre igjen ser for seg menn i kvit labfrakk, seier han.

Dei første resultata frå ISF-prosjektet blir lagt fram over nyttår.

Populisme sår mistillit

Men det er ikkje slik at vi ikkje veit nokon ting om kva som påverkar folks tillit til forsking. Tidlegare i år kom den største internasjonale studien av dette temaet sidan pandemien. Folk i 68 land vart spurde om i kva grad dei har tillit til forskarar.

Det globale gjennomsnittet låg på 3,62 på ein skala der 5 var maks tillit. Noreg låg rett under det globale gjennomsnittet, med 3,52.

Medieforskar Silje Kristiansen ved Universitetet i Bergen er ein av dei ansvarlege for den norske delen av undersøkinga. Ho og medforskarane har nyleg publisert ein ny artikkel basert på materialet frå den internasjonale undersøkinga, der dei ser nærare på kvar, og kor ofte, folk får informasjon om forsking.

– Når vi ser på kven som blir mest eksponert for informasjon om forsking, ser vi at nordmenn litt overraskande kjem langt ned på lista. I gjennomsnitt oppgjev nordmenn å få forskingsinformasjon gjennom formelle kanalar, som museumsbesøk eller offentlege forelesingar, ein til to gonger i året, seier Kristiansen.

I nesten alle land, også Noreg, får folk mest forskingsinformasjon frå sosiale media og nyhende.

Den globale undersøkinga fann også at tillit til forsking kan henge saman med folks politiske orientering, men på måtar som varierer frå land til land. Nokre stader dyrkar høgreorienterte politiske rørsler ei mistru til vitskap, andre stader er det venstreorienterte rørsler som gjer det.

– Det vi ser, er at populisme heng saman med lågare tillit til forsking, seier ho.

Media har ansvar

I det store og heile er frykta for mistillit til forsking kanskje større enn mistilliten, trur Kristiansen, sjølv om mistillit til forsking er viktig å følgje med på.

– Men eg trur også at mistillit til forsking er noko det er attraktivt for media å rapportere om.

– Media har eit ansvar for å snakke med fleire enn berre politikarar om klimaspørsmål, seier Silje Kristiansen. Foto: Kjerstin Gjengedal

Som medieforskar er Kristiansen interessert i medias rolle i å forme folks oppfatting av, og tillit til, forsking. For tida rettleier ho stipendiat Janne Bjørgan, som undersøker korleis norske medie dekkar klimaendringar.

– Sjå til dømes her, seier Kristainsen og trekk fram ein notis om norske utsleppstal publisert på nettsidene til NRK same dag som samtalen med Forskerforum.

– Dei som uttalar seg i denne saka, er ein seniorrådgjevar frå SSB, som har skaffa til vege tala, og fleire politikarar. Men ingen klimaforskarar. Når dette er ein del av klimadekninga folk ser, kan ein tenkje seg at det blir vanskeleg å skilje forskinga på klima frå klimapolitikken.

Samtidig er det vanskeleg å trekke klare linjer frå mediedekning til folks oppfatting av eit tema, peikar Kristiansen på.

– Ein kan ikkje kontrollere folks mediediett over tid, ein får impulsar frå så mange stader, ein diskuterer med kvarandre, og verdiar og fleire andre faktorar vil alltid spele inn, seier ho.

Problematisk med tette band

Fredrik Thue, professor ved Senter for profesjonsforsking ved Oslomet, peikar på at målet ikkje kan vere full tillit til forsking.

– Forskingssystemet i seg sjølv kviler jo på ei form for organisert skepsis, seier han.

Thue leia ei gruppe forskarar som i 2022 leverte ein rapport om tillit til forsking, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Eitt av deira funn, var at forskinga står i ein nokså paradoksal situasjon fordi forsking blir stadig sterkare integrert i alle delar av samfunnet. Men på same tid går folks tillit til forsking ned når dei får inntrykk av at det er samanblanding mellom forsking og politikk.

– Det er vanskeleg å kome utanom nærleiken til oljeindustrien når ein skal forklare nordmenns låge tillit til klimaforsking, seier Fredrik Thue. Foto: Julia Loge

Thue meiner det kan vere grunn til å uroe seg over samanhengen mellom populisme og mistillit til forsking.

– Men det er også usemje om kva som kjenneteiknar populistisk mistru til vitskap. Eitt syn går ut på at alminnelege folks sunne fornuft er meir verd enn ekspertkunnskap. Ein annan tese hevdar det motsette: At høgrepopulistar meiner at forsking skal vere objektiv, og difor skuldar forsking dei ikkje likar, for å vere ideologisk styrt. Begge delar er eit uttrykk for tillitssvikt, seier han.

– Samtidig finst det forskingsmiljø i Noreg, særleg i samfunnsvitskap, som er sterkt knytte til offentleg byråkrati og politikarar. Når det oppstår slike tette kretsløp, vil dei som har stor ideologisk avstand til desse kretsløpa, få lågare tillit til forskinga.

Thue tykkjer også det er interessant at Forskingsrådets kartleggingar viser at folk har lågare tillit til forsking som er finansiert av næringslivet, enn den som er offentleg finansiert.

– Det er ikkje overraskande om tilliten til forsking er låg dersom dei som finansierer forksinga har politiske eller økonomiske interesser knytt til resultata. Men ein generelt høg tillit til offentleg finansiering og tilsvarande låg tillit til privat finansiering, er ein nokså typisk venstresiderefleks. Ein kunne jo også tenkje seg at når ein så stor del av forskinga er finansiert av offentlege aktørar som ofte stiller ganske sterke krav, så kunne privat finansiert forsking vere ei viktig motvekt, seier han.

Forskingsrådet kjem til å halde fram med kartleggingane, både for å halde oppsyn med trendane og for å vidareutvikle sin eigen politikk når det gjeld til dømes forskingsformidling, fortel Thomas Evensen.

– Noko av det som peikar seg ut, er at når forskinga blir oppfatta som uavhengig og ikkje styrt, er det med på å styrke tilliten. Forskingsformidling som først og fremst handlar om skryt og pr, vil straffe seg på sikt i eit tillitsperspektiv, seier han.

Trump stansa IMO – no må Noreg og Europa vakne

Me var for naive. Det er kjensla eg står igjen med etter å ha vitna med eigne auge at USA og Donald Trump klarte å utsetje klimasatsinga i skipsfarten, skriv Reber Iversen frå Maritime CleanTech.

Et dyrekjøpt kompromiss?

EU reddet klimamålet for 2040, men til hvilken pris? Les også om Norfunds investeringer i Ukrainas grønne omstilling, oppdatering på EU-høringer i Norge og høstens kalender.

Tilbake til toppen