Mang ein bibliotekar har fikla ettertenksamt med brillesnora funderande over kva som må til for å få lånarane til å oppdaga PressReader, tenester for strøyming av film, tidsskriftplattforma Idunn og dei andre digitale tenestene som folk i stor grad lèt vera å nytta seg av. Men no blir det hjelp å få.
– Sidan digitale innhaldstenester fort kan bli usynlege, ønskjer vi å bidra til auka marknadsføring i bibliotek. Det har vi gjort ved å skaffa NTB sin Mediebank, som vi deler med alle folkebibliotek og offentlege vidaregåande skular i Noreg, fortel Hilde Grefsrud.
Hilde Grefsrud. Foto: Marius Græsby
Ho er seniorrådgjevar i Viken fylkesbibliotek og jobbar i prosjektgruppa for Digin. Dei står bak Bibliotek24 og leverer dette nye førstehjelpsprosjektet til bibliotekarbeidarar med sliten brillesnor.
NTB sin mediebank
Mediebanken er ei skyteneste for lagring, søk og deling av bilete og illustrasjonar. Kunstig intelligens hjelper med merking og kategorisering av objekt og namn.
– Gjennom Mediebanken kan bibliotek lasta opp eige marknadsføringsmateriell og ta i bruk andre bibliotek sitt materiell, fortel Grefsrud.
Mediebanken har også innebygd personvernhandtering. Slik kan ein enkelt sikra at vilkåra for bruk er i orden, og at dei som er avbilda, har godkjent bruken. Ei godkjenning kan også når som helst trekkast tilbake.
Profesjonelle bilete til fri bruk
Ifølge Grefsrud sit tilsette med mykje av nøkkelen til at dei digitale tenestene skal bli betre kjent.
– Då må vi gjera det enkelt for dei å formidla tenestene. Eit felles verktøy er vesentleg. Mediebanken svarar på dette. Her kan ein dele marknadsføringsinnhald og kampanjar trygt og sikkert.
Ved lanseringa finst det allereie ein del innhald i Mediebanken. Digin har hyra profesjonell fotograf og fekk låna to vakre lokasjonar på Lillestrømbibliotekene og Deichman Bjørvika. Både tilsette og bibliotekbrukarar stilte opp. Resultatet er profesjonelle, heilnorske bibliotekbilete til bruk på infoskjermar, plakatar, postar i sosiale medium eller kor det skal vera.
Kampanje inn mot valet
I tillegg til det generelle innhaldet inneheld Mediebanken ein eigen folkehelsekampanje ved lansering. Bodskapen er at bibliotek skapar inkludering og er bra for folkehelsa. Det er berre å logga seg på og vera med på å spreia den glade bodskapen fram til valet 11. september, oppfordrar Grefsrud.
Ho er veldig spent på responsen og kva som kjem inn i banken framover. Ein kan også dela design ein har utvikla, til dømes i grafikkprogrammet Canva.
– Det er berre å ta kontakt om folk har innhald dei vil dela, eller ser for seg andre bruksområde.
Gratis til alle
Banken er fritt tilgjengeleg for alle folkebibliotek og bibliotek i vidaregåande skule. Alle bibliotek kan oppretta ein brukar som er til deling internt.
– Vi er særleg ute etter å få til samspelet mellom fysiske og digitale tenester, seier Hilde Grefsrud.
Mediebanken blir tilgjengeleg via nettsida bibliotek24.no. Bibliotek24 er også namnet på det nasjonale innkjøpssamarbeidet (konsortiet) under Digin-paraplyen. Det består av fylkesbiblioteka og leverer tenester til folkebibliotek og bibliotek i vidaregåande skular. Bok & bibliotek presenterte Digin og dei ulike delprosjekta i ei større sak tidlegare i år.
Mediebanken er ei viktig satsing i delprosjektet som handlar om marknadsføring. Dei to andre delprosjekta er utvikling og leveranse av statistikk via Bibstat og enkeltpålogging (engelsk: single sign-on, SSO), som ideelt sett gjer at bibliotekbrukarar kan nytta same pålogging for alle dei digitale tenestene til biblioteket.
Då den korte og intensive innmeldingsperioden til Bibliotek24 blei avslutta i fjor, var 305 av 355 moglege bibliotek blitt med, fortel Grefsrud. Sjølv om dei ventar fleire inn når tilknytingsperioden for 2024 startar i oktober, blir Mediebanken altså lansert med ein gratis prøveperiode slik at alle skal ha høve til å bli med.
– Vi tippar at alle har lyst. Mediebanken får best effekt når alle er med.
Kor mange bruker digitale bibliotektenester?
27 prosent nyttar seg av digitale bibliotektenester i dag. Det viste Nasjonalbiblioteket si kvartalsundersøking i mars. Spørsmålet som blei stilt, inkluderte også telefonkontakt og bruk av heimesider.
Svara frå same undersøking fjerde kvartal i fjor viste at seks prosent av bibliotekbrukarane var heildigitale, altså slike som berre brukte biblioteket digitalt, ikkje både fysisk og digitalt.
Denne delen ser faktisk ut til å vera på veg oppover. I mars-undersøkinga utgjer dei åtte prosent av lånarane. •
Innlegget Mediebanken skal få slutt på moroa dukket først opp på Bok & bibliotek.